Tildelinga av «Toraprisen» vert no arrangert i samband med eit seminar, Toratreffet. Arrangenentet skjer i Moster Amfi same helga som Mostraspelet. I tillegg til prisvinnaren inviterer styret minst ein førelesar som kan skapa ei ramme rundt prisutdelinga. Føremålet er at seminaret skal bidra til å fremja kunnskap om korleis ulike samfunnstilhøve før og no dannar premissane for kvinneroller. Seminaret skal også setja fokus på dei utfordringane kvinner i ulike samfunn og livssituasjonar står overfor og kva samfunnsverdi dei representerer.
Bømlo Teater og Moster Amfi er våre nære samarbeidspartar. Det er von om at prisen og seminaret saman skal styrkja og vera ein del av dei arrangementa som vert avvikla i og ved Moster Amfi denne helga .