Vedtekter

FOREININGA TORA MOSTRASTONG
TORA MOSTRASTONGPRISEN OG TORATREFFET

REVIDERT 14.12.2016

§ 1 FØREMÅL

Foreininga TORA MOSTRASTONG er ei ideell og partipolitisk uavhengig foreining som har som føremål å dela ut ein årleg pris og å arrangera eit årleg seminar i Tora Mostrastong sitt namn. Foreininga skal vera ein nasjonal kulturberar og pådrivar for å fremja forståing og kunnskap om kvinner sine roller og utfordringar i fortid og notid. Desse aktivitetane bør  gjennomførast i samband med det årlege Mostraspelet i Moster Amfi og vera knytte til det kyrkjehistoriske senteret på Moster.

 

 § 2 MEDLEMSKAP

Foreininga TORA MOSTRASTONG er utan medlemmer. Styret kan vurdera om det skal opnast for medlemsskap i foreininga.

§ 3 ORGANISASJON

Foreininga blir leia av eit styre på fem til ti medlemmer. Styret rekrutterer og  konstituerer seg sjølv. Det enkelte styremedlem vert vald for to år om gongen. Det skal veljast to varamedlemmer til styret.  Desse vert valde for eit år om gongen.

§ 4 KRITERIUM FOR TILDELING AV TORAPRISEN

Tora Mostrastongprisen skal tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og  evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse.

Styret gjer vedtak om tildeling av prisen, og vedtaket krev 2/3 fleirtal. Det er ønskjeleg med konsensus i styret.

 § 5 FØREMÅLET MED TORATREFFET

I samband med utdelinga av Tora Mostrastongprisen skal det arrangerast eit seminar.            Føremålet med Toratreffet er å fremja kunnskap om  samfunnstilhøve som i fortid og notid kastar lys over kvinner si rolle i samfunnet og dei utfordringar som kvinner i ulike samfunn og livssituasjonar møter. Det er ønskjeleg  at prisen og seminaret skal styrkja arbeidet kring «Det kyrkjehistoriske senteret» som er bygd opp kring Moster gamle kyrkje, Moster Amfi, Mostraspelet og Bømlo Teater.

§ 6 VEDTEKTSENDRINGAR

Framlegg til endring i vedtektene må sendast til  styreleiar. Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal.

§ 7 OPPLØYSING

Vedtak om oppløysing av foreininga må gjerast av to påfølgjande styremøte. Eit slikt vedtak krev 2/3 fleirtal.

Dersom foreininga vert oppløyst, skal gjenståande midlar etter styrevedtak overførast til organisasjonar eller institusjonar som arbeider med omsorg eller kulturformidling på Vestlandet.