Tidlegare arrangementer

Plakat FB 2017

 

 

Ada

Ada Sofie Austegard vert tildelt Tora Mostrastongprisen  (Torastatuetten 2017)

Grunngjeving:

  • Ada Sofie Austegard får prisen for sitt initiativ og engasjement for: Ein barndom utan vald.
  • Ho har gjennom Stine Sofies Stiftelse sett fokus på barnerett og førebygging av vald mot barn.  http://stinesofiesstiftelse.no/
  • Med utgangspunkt i pågangsmot, styrke og tålmod har ho bygd eit nettverk av kompetanse og idealisme som arbeider målretta for å hindra vald mot barn og unge.
  • Stine Sofie-senteret i Grimstad er eit kurs og meistringssenter for valdsutsette barn og unge og deira pårørande. Senteret er det første i sitt slag og har vakt stor internasjonal interesse.
  • I august 2017 er det planlagt ei massemønstring for å gå den gamle pilgrimsleia mellom Trondheim og Oslo for å setja søkelys på vald og overgrep.
  • Ada Sofie Austegard vart i 2001 nominert til Årets navn av VG.       I 2008 fekk ho  Kongens fortjenstmedalje i gull”, I 2009 vart ho tildelt ”Rettssikkerhetsprisen” og i 2012 fekk ho ”Erik Byes Minnepris”.

 Torastatuetten er ein ærespris, og Ada Sofie fyller kriteria for prisen på ein særs god måte.  Ho får tildelt prisen på Toratreffet 2017 i Moster Amfi 2. juni 2017.

UTDRAG AV VEDTEKTENE:

I vedtektene for Foreininga Tora Mostrastong finn ein både føremålet med foreininga og kriterium for tildeling av prisen.                  Foreininga TORA MOSTRASTONG er ei ideell og partipolitisk uavhengig samanslutning som har som føremål å dela ut ein årleg pris og å arrangera eit årleg seminar i Tora Mostrastong sitt namn. Foreininga skal vera ein nasjonal kulturberar og pådrivar for å fremja forståing og kunnskap om kvinner si rolle og utfordringar i fortid og notid. Desse aktivitetane skal fortrinnsvis gjennomførast i samband med det årlege Mostraspelet i Moster Amfi og vera knytt til det kyrkjehistoriske senteret på Moster. Den årlege Toraprisen kan tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt  eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse.

For direkte kontakt med prisvinnar:

Ada Sofie Austegard:                                                                                                        e-post: ada@barnerett.com      telefon:       +47 915 22 878

TORATREFFET 2017 

 Moster Amfi – Amfisalen, laurdag 3. juni kl. 15:00.

Arrangementa vil finna stad i  samband med det årlege Mostraspelet, I slik ei natt, av Svein Tindberg.  (Sjå www.mosteramfi.no  og  www.bomloteater.no .)

I tillegg til prisvinnaren som vil orientera om sitt prosjektet, vil det bli minst eit foredrag til.

Det kunstneriske  innslaget vert ein minikonsert av Giske Blandakor.

Toratreffet er ope for alle. Billettar  kan kjøpast på nett (billettane er ikkje lagt ut for sal enno) eller ved inngangen.

 Framsyning Mostraspelet: 2.,3. og 4. juni i Moster Amfi.  Alle dagar Kl. 18.00.

 

Plakett 2016  PNG

Toratreff 2016 FB

 

teaser 3

 

Gerda og statuetten
Gerda Rongevær med statuetten for Tora Mostrastongprisen for 2015

 

 

 

 

 

 

 

 

Gerda Rongevær får Tora Mostrastongprisen for sitt sterke humanitære engasjement i Uganda gjennom drifta av barneheimen Toro Babies Home i Fort Portal, Uganda.

Med bakgrunn i sin grunnleggjande evne til empati med svake grupper og ueigennyttig innsats, har ho skapt eit samarbeidsklima med lokale krefter i Uganda heilt frå grasrota og opp til den politiske leiinga i distriktet og landet. Samstundes har ho hatt ansvar for ei økonomisk støtte til prosjektet ved å engasjera støttegrupper her heime i Noreg.

Gerda Rongevær er omsorgsarbeider frå Stord. Gjennom organisasjonen Toro Child Care Center driv ho Toro Babies Home i Fort Portal i Uganda.

Ho vitja barneheimen tre gonger i tida 2002-2005. I 2005 overtok ho ansvareet for drifta og omorganiseringen av barneheimen.

Drifta er sikra gjennom pengegåver frå ulike arrangement og støttegrupper – særleg frå Sunnhordland. Dei viktigaste bidragsytarane har vore skular og einskildpersonar. Bømlo Vidaregåande skule(«Operasjon Dagsverk»), Rommetveit skule og Langeland skule har i mange år støtta prosjektet.

Gerda Rongevær seier at dei lokale tilsette og styret i organisasjonen Toro Babies Home og Toro Child Care Center gjer ein formidabel og ueigennyttig jobb.

Gerda Rongevær er inspirasjonskjelda for dette arbeidet og sørgjer samstundes for at den økonomiske drifta av barneheimen går rundt, men set strenge krav til effektiv utnytting av midlane. Dette ansvaret har ho påteke seg i 10 år.

Offentlege rapportar konkluderer ofte med at små og oversiktlege einingar i bistandsarbeid har størst utnyttingsgrad av dei midlane som vert gjeven.Slik er det også i dette prosjektet. Her er drivkrafta idealisme og det er minimale utgifter til organisering. Praktisk hjelp til sjølvhjelp og god lokal oversikt fører til at det sjeldan er feilinvesteringar.

2014

Ingvill Konradsen Ceide er initiativtaker, prosjektleder og daglig leder av SPH (Stiftelsen Prosjekt Haiti). Ingvill mottok Toraprisen for 2014.

Ingvill har ein Mastergrad i menneskerettar frå University of London. Hun har jobba innan bistand i Ecuador og på Haiti. Ho arbeider nå på heiltid som dagleg leiar av Prosjekt Haiti.
Ingvill har ansvar for administrasjon av prosjektet og fadderprogrammet, markedsføring og pengeinnsamling.

Det føles som en stor ære å bli utnevnt som årets vinner av Tora prisen! Det er svært hyggelig at arbeidet vi har holdt på med på Haiti alle disse årene blir lagt merke til. Det er ekstra stas at Toraprisen representerer sterke kvinner, det gjør meg ydmyk og glad å bli assosiert i en slik gruppe.

 (47) 456 31 827

ingvill@prosjekthaiti.no

Les meir om Prosjekt Haiti og deira standhaftige og flotte arbeid på websidene deira.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

Foreininga som årleg deler ut Mostrastongprisen