I 2005 tok ei gruppe personar eit initiativ til å etablera ein eigen pris i Tora sitt namn. Dei ønskte med dette å heidra dei eigenskapane som Tora stod for og samstundes synleggjera kvinner sine roller i historia og i samtida. Tora Mostrastongprisen er ein bronsestatuett etter modell av Tora Mostrastong-statuen på Moster. Utdelinga skjedde første gong i samband med premieren på Mostraspelet laurdag 30. mai 2009.
Prisen skal delast ut til ei kvinne som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil i si vurdering leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, og innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar.