Den historiske Tora Mostrastong

Om Tora Mostrastong

Tora Mostrastong (Thora Mostaff) vert omtalt av Snorre. Ho høyrde til ei av dei gjævaste ættene på Vestlandet i vikingtida, Horda-Kåre-ætta frå Moster. Såleis var ho i slekt med både Ramna-Floke, den lovkunnige Torleiv Spake og Erling Skjalgsson frå Sola.

Tora tyder ”den kjempesterke”, og Tora var ei staut og svært vakker kvinne. Tilnamnet ”Mostrastong” fekk ho truleg av di ho var høgreist og stolt.

Harald Hårfagre var konge i Noreg ca. 872-933. På Moster møtte han Tora som tidleg kom i kongen si teneste. Sjølv om ho var rekna som tenestejente, var Tora alltid medviten om kva ætt ho kom frå.

Då Harald Hårfagre var rundt 70 år gamal, fekk han og Tora ein son. Tora visste å krevja sin rett og reiste til kongsgarden på Seim då tida for fødselen nærma seg. Guten vart fødd på vegen dit (på Håkons-hella), og Sigurd Jarl auste vatn over han og gav han namnet Håkon     etter sin eigen far, Håkon Ladejarl. Tora hadde stor omsorg for kongsemnet Håkon. Som 10 åring vart han send til kong Adelstein i England for å bli oppfostra der. Dette gav han tilnamnet Adelsteinsfostre. Han var under 20 år då han kom attende til Noreg og tok over kongemakta frå bror sin Eirik med tilnamnet ”Blodøks”. Håkon styrte landet til han døydde etter slaget på Fitjar i 961. Han var ein kunnskapsrik og stort sett folkekjær konge som fekk tilnamnet ”Den gode”.

Håkon den Gode vert rekna for grunnleggjar av leidangen – eit forsvarssystem for landet. Han gav Gulatinget ny kraft og styrkte samlingsverket som far hans hadde utført. Han starta og kristningsverket i Noreg. Tora var trufast ved sonen si side og fullførte ”kallet” som kongsmor.