Kvifor pris i Tora sitt namn?

Tora Mostrastong kan stå som eit symbol på kvinner som har mot og kraft til å kjempa ein kamp for rettferd og likeverd, og som samstundes har evne og vilje til å nå måla sine til felles nytte for folk og samfunn. Det seiest at då Tora skulle bli mor til kongssonen Håkon, reiste ho til Kongsgarden på Seim for uredd å krevja sin rett overfor barnefaren Harald Hårfagre. Det var også Tora som fekk henta Håkon heim att frå kong Adalstein i England slik at han kunne overta kongsmakta i Noreg.

Dette skulle syna seg å vera eit godt val for landet vårt.

Tora si omsorg for Håkon og den handlekraft ho synte, var uvanleg for kvinner på den tida. I tillegg til å vera ein sterkt engasjert omsorgsperson, synte ho også stort samfunnsansvar både sosialt og politisk.

Tora Mostrastong fekk i 2001 sitt eige historiske spel – skrive av Johannes Heggland. Det er eitt av Håkonarspela og vart framført av Bømloteateret både i Moster Amfi og under opninga av Trekantsambandet.