Kvinner i vikingtida

I soga vår er det oftast menn og deira ”bragder” som er omtalte og formidla til komande  slekter, men me veit at kvinner har spela sentrale roller i alle samfunn til alle tider, – så også her hos oss. Men historiebøkene våre har ikkje spandert mange linjer på dei verken som kulturberarar eller politiske strategar.

På Bømlo finn me heller ikkje mykje opplysning om profilerte kvinner før i moderne tid. Eit lite unntak er eit fornminne frå Setrehidleren som vart funne under ei utgraving i 1932. Ein beinkam med urnordisk runeinnskrift er eit kulturhistorisk klenodium

Buplassen Setre ligg like ved Roaldsfjorden  på vestsida av Bømlo. Der vart gjort funn  frå både steinalder og jernalder (fram til folkevandringstida 400 –550 e.Kr.). Mellom funna som vart gjorde var ein kam og ei bronsespenne frå siste del av denne perioden.         Runeinnskrifta på kammen er i sein – urnordisk eller tidleg – norrøn språkform.(550- 600). ”Hal mar mauna alu na, alu nana“,  som tyder noko i retning av ”Hill deg møy mellom møyar, vern om deg Nana”. Desse funna med tilhøyrande inskripsjon er gjerne den eldste hyllest til ei kvinne som finst  i vår region.