Gerda og statuetten

Gerda Rongevær vert tildelt Tora Mostrastongprisen 2015

Gerda og statuetten
Gerda Rongevær med statuetten for Tora Mostrastongprisen for 2015

 

 

 

 

 

 

 

 

Gerda Rongevær får Tora Mostrastongprisen for sitt sterke humanitære engasjement i Uganda gjennom drifta av barneheimen Toro Babies Home i Fort Portal, Uganda.

Med bakgrunn i sin grunnleggjande evne til empati med svake grupper og ueigennyttig innsats, har ho skapt eit samarbeidsklima med lokale krefter i Uganda heilt frå grasrota og opp til den politiske leiinga i distriktet og landet. Samstundes har ho hatt ansvar for ei økonomisk støtte til prosjektet ved å engasjera støttegrupper her heime i Noreg.

Gerda Rongevær er omsorgsarbeider frå Stord. Gjennom organisasjonen Toro Child Care Center driv ho Toro Babies Home i Fort Portal i Uganda.

Ho vitja barneheimen tre gonger i tida 2002-2005. I 2005 overtok ho ansvareet for drifta og omorganiseringen av barneheimen.

Drifta er sikra gjennom pengegåver frå ulike arrangement og støttegrupper – særleg frå Sunnhordland. Dei viktigaste bidragsytarane har vore skular og einskildpersonar. Bømlo Vidaregåande skule(«Operasjon Dagsverk»), Rommetveit skule og Langeland skule har i mange år støtta prosjektet.

Gerda Rongevær seier at dei lokale tilsette og styret i organisasjonen Toro Babies Home og Toro Child Care Center gjer ein formidabel og ueigennyttig jobb.

Gerda Rongevær er inspirasjonskjelda for dette arbeidet og sørgjer samstundes for at den økonomiske drifta av barneheimen går rundt, men set strenge krav til effektiv utnytting av midlane. Dette ansvaret har ho påteke seg i 10 år.

Offentlege rapportar konkluderer ofte med at små og oversiktlege einingar i bistandsarbeid har størst utnyttingsgrad av dei midlane som vert gjeven.Slik er det også i dette prosjektet. Her er drivkrafta idealisme og det er minimale utgifter til organisering. Praktisk hjelp til sjølvhjelp og god lokal oversikt fører til at det sjeldan er feilinvesteringar.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>