Styret for Foreininga Tora Mostrastong har vedteke at Tora Mostrastongprisen i år skal tildelast musikar, aktivist, forfattar og skodespelar, Ella Marie Hætta Isaksen.
I vedtektene for Foreininga Tora Mostrastong er kriteria for tildelinga av prisen formulerte slik: «Tora Mostrastongprisen skal tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats, – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse».
Ella Marie Hætta Isaksen har, etter styret si oppfatning, gjennom sitt mangeårige arbeid synt alle desse eigenskapane og at dei på mange måtar kan summera opp hennar arbeid til no.
Ella Marie er født 25. april 1998, og er frå Tana. Hennar kulturbidrag som songar, komponist, forfattar og skodespelar, byggjer alle opp om kampen for samiske rettar, og samisk kultur i vid forstand. Ho vil med si sterke formidlingsevne og pågangsmot få store ringverknader for både samtida og framtidige generasjonar.
Me vil heidra ein kulturskapar og kulturberar for hennar styrke, mot, omsorg og langvarige arbeid for menneskerettar.
Prisen skal tildelast prisvinnaren på det årlege Toratreffet søndag 10. september 2023.