Tora Mostrastongprisen 2017 til Ada Sofie Austegard

Ada

Ada Sofie Austegard vert tildelt Tora Mostrastongprisen  (Torastatuetten 2017)

Grunngjeving:

  • Ada Sofie Austegard får prisen for sitt initiativ og engasjement for: Ein barndom utan vald.
  • Ho har gjennom Stine Sofies Stiftelse sett fokus på barnerett og førebygging av vald mot barn.  http://stinesofiesstiftelse.no/
  • Med utgangspunkt i pågangsmot, styrke og tålmod har ho bygd eit nettverk av kompetanse og idealisme som arbeider målretta for å hindra vald mot barn og unge.
  • Stine Sofie-senteret i Grimstad er eit kurs og meistringssenter for valdsutsette barn og unge og deira pårørande. Senteret er det første i sitt slag og har vakt stor internasjonal interesse.
  • I august 2017 er det planlagt ei massemønstring for å gå den gamle pilgrimsleia mellom Trondheim og Oslo for å setja søkelys på vald og overgrep.
  • Ada Sofie Austegard vart i 2001 nominert til Årets navn av VG.       I 2008 fekk ho  Kongens fortjenstmedalje i gull”, I 2009 vart ho tildelt ”Rettssikkerhetsprisen” og i 2012 fekk ho ”Erik Byes Minnepris”.

 Torastatuetten er ein ærespris, og Ada Sofie fyller kriteria for prisen på ein særs god måte.  Ho får tildelt prisen på Toratreffet 2017 i Moster Amfi 2. juni 2017.

UTDRAG AV VEDTEKTENE:

I vedtektene for Foreininga Tora Mostrastong finn ein både føremålet med foreininga og kriterium for tildeling av prisen.                  Foreininga TORA MOSTRASTONG er ei ideell og partipolitisk uavhengig samanslutning som har som føremål å dela ut ein årleg pris og å arrangera eit årleg seminar i Tora Mostrastong sitt namn. Foreininga skal vera ein nasjonal kulturberar og pådrivar for å fremja forståing og kunnskap om kvinner si rolle og utfordringar i fortid og notid. Desse aktivitetane skal fortrinnsvis gjennomførast i samband med det årlege Mostraspelet i Moster Amfi og vera knytt til det kyrkjehistoriske senteret på Moster. Den årlege Toraprisen kan tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt  eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse.

For direkte kontakt med prisvinnar:

Ada Sofie Austegard:                                                                                                        e-post: ada@barnerett.com      telefon:       +47 915 22 878

 

TORATREFFET 2017 

 Moster Amfi – Amfisalen, laurdag 3. juni kl. 15:00.

Arrangementa vil finna stad i  samband med det årlege Mostraspelet, I slik ei natt, av Svein Tindberg.  (Sjå www.mosteramfi.no  og  www.bomloteater.no .)

I tillegg til prisvinnaren som vil orientera om sitt prosjektet, vil det bli minst eit foredrag til.

Det kunstneriske  innslaget vert ein minikonsert av Giske Blandakor.

Toratreffet er ope for alle. Billettar  kan kjøpast på nett (billettane er ikkje lagt ut for sal enno) eller ved inngangen.

 Framsyning Mostraspelet: 2.,3. og 4. juni i Moster Amfi.  Alle dagar Kl. 18.00.

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>