Tora Mostrasongprisen 2016 vert tildelt Maria Parr

Forfattar Maria Parr vert tildelt Tora Mostrastongprisen

Bilde1

Grunngjeving:

  • Gjennom sitt forfattarskap har Maria Parr bore fram vår kulturarv både gjennom språk og innhald.
  • Ho har gjennom bøkene sine synt korleis kommunikasjon mellom generasjonar kan fremja livskvalitet.
  • Både ”Vaffelhjarte” og ”Tonje Glimmerdal” har dessutan blitt oversett til mange ulike språk og dramatisert på fleire teaterscenar. Den første også for TV.

Maria Parr, (f. 1981), er barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven.  Ho har mastergrad i nordisk og  debuterte som forfattar i 2005. Parr har fått mange prisar for bøkene sine. Ho har stor evne til innleving og formidling. Med eit positivt menneskesyn og med respekt skildrar ho samspelet mellom menneske på levande og fargerikt vis.

TORATREFFET 2016 (Tildeling av Torastatuetten og Toraseminaret 2016)

 Moster Amfi – Amfisalen, laurdag 28. mai 2016 kl 15:00.

Arrangementa vil finna stad i  samband med det årlege Mostraspelet som i år er ein urpremiere av ”I slik ei natt” av Svein Tindberg.

Framsyningane av «I slik ei natt» går Fredag–Søndag 27. mai 2016–29. mai 2016 kl 18:00–20:00.  Framsyninga er produsert av Bømlo Teater og er ei satelittframsyning som inngår i programmet til Festspela i Bergen.

http://www.fib.no/no/Program/?TLp=1079323

Det vert og Strandhogg / utekonsert i Mostratunet( fredag 27 ) og dans med trubadur på Dahlaneset, Framsyningar i Moster Gamle Kyrkje, Gudsteneste, Kunstutstilling i Tollhagen og mykje folkeliv.

Toraseminaret:

Bjørn Sortland                                                                                                                                       Bjørn S bilete            

I tillegg til prisvinnaren sjølv vil forfattar Bjørn Sortland delta på seminaret. Sortland (f. 1968), er  frå Bømlo og har eit stort og variert forfattarskap bak seg. Særleg er han kjend for sine barne – og ungdomsbøker,  gjerne med eit innslag av humoristisk kunstformidling.

Her finn du meir om han: Bjørn Sortland sine heimesider

 

Toratreffet er ope for alle. Billettar  kan kjøpast på nett (bomlo.net) når dette vert lagt ut,  eller ved inngangen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>