Månedlige arkiver: september 2022

Tora Mostrastongprisen 2022

Tora Mostrastangprisen 2022

Prisutdeling og samtale med prisvinnar Birgit Skarstein, idrettsutøvar og sosial entrepenør. Halvor Folgerø vil leia samtalen.

Her blir musikkinnslag og minglepause med ope kafé der du kjøper det du vil ha.

Arrangementet vil finna stad Amfisalen (Steinsalen) i Moster Amfi.

Bill.: 250,-
https://mosteramfi.no/kva-skjer/ (salet startar i byrjinga av september).

Velkommen til å høyra på og ære Birgit Skarstein!

Tora Mostrastongprisen 2022

Birgit Skarstein – Mottakar av Tora Mostrastongprisen 2022.

Tildeling av Tora Mostrastong-prisen 2022 til Birgit Lovise Røkkum Skarstein.


I vedtektene Til Foreininga Tora Mostrastong står det følgjande om kriterier for tildeling av prisen:

«Tora Mostrastong-prisen skal tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og  evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse.»

Birgit Lovise Røkkum Skarstein vart tidleg ein aktiv og samfunnsengasjert person som bidrog både i inn og utland. Etter ei dramatisk sjukehistorie vart livet og føresetnadene hennar endra. Likevel bevarte ho både styrke, humør og pågangsmot, og heilt sidan ho deltok i Lars Monsen sitt TV-program «Ingen grenser» har ho gjort eit djupt inntrykk med sin ukuelege vilje, sitt strålande humør og smittande engasjement.

Ho har gjennom å setja eigne mål, og hardt arbeid for å nå desse, synt at det er mogeleg å oppnå store draumar i livet. Gjennom suksess på idrettsbanen og aktivt samfunnsengasjement har ho vore eit stort førebilete og rollemodell for både funksjonshemma og andre.

Som såkalla «sosial entreprenør» syner ho omsorg for menneske rundt seg og har engasjert seg i spørsmål om utanforskap og inkludering. Ho sit også som styremedlem i ei rekkje styre og organisasjonar, og har m.a. vore utøvarrepresentant  i den internasjonale paralympiske komite i perioden 2018-2022.

Styret meiner Birgit Lovise Røkkum Skarstein fullt ut fyller foreininga sine kriterie for tildeling av Tora Mostrastong-prisen.

Prisen skal delast ut på det årlege Tora-treffet som i år er 1. oktober.

Me gratulerer!

Styret.