Kategoriarkiv: Ukategorisert

Tora-treffet søndag 10. september 2023

Tora Mostrastongprisen i år skal tildelast musikar, aktivist, forfattar og skodespelar, Ella Marie Hætta Isaksen. Bli med å feira ho under utdelingen av prisen søndag 10. september klokka 14.30 i Amfisalen i Moster amfi.

Ella Marie Hætta Isaksen får prisen for har sin mangeårige arbeid som musikar, komponist, forfattar og skodespelar, og i kampen for både samiske rettar og samisk kultur i vid forstand, og miljøvern.

NRK-profil og forfattar, Halvor Folgerø, vil stå for ein samtale med prisvinnaren.

Her blir musikkinnslag og minglepause med ope kafé der du kjøper det du vil ha.

Pris for arrangementet er 200,- kr. Billettar kjøper du her:

https://mosteramfi.hoopla.no/sales/event/toramostrastongsprisen/?utm_medium=search&utm_source=hoopla.no

Ella Marie Hætta Isaksen får Tora Mostrastongprisen 2023

Styret for Foreininga Tora Mostrastong har vedteke at Tora Mostrastongprisen i år skal tildelast musikar, aktivist, forfattar og skodespelar, Ella Marie Hætta Isaksen.

I vedtektene for Foreininga Tora Mostrastong er kriteria for tildelinga av prisen formulerte slik: «Tora Mostrastongprisen skal tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats, – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse».

Ella Marie Hætta Isaksen har, etter styret si oppfatning, gjennom sitt mangeårige arbeid synt alle desse eigenskapane og at dei på mange måtar kan summera opp hennar arbeid til no.

Ella Marie er født 25. april 1998, og er frå Tana. Hennar kulturbidrag som songar, komponist, forfattar og skodespelar, byggjer alle opp om kampen for samiske rettar, og samisk kultur i vid forstand. Ho vil med si sterke formidlingsevne og pågangsmot få store ringverknader for både samtida og framtidige generasjonar.

Me vil heidra ein kulturskapar og kulturberar for hennar styrke, mot, omsorg og langvarige arbeid for menneskerettar.  

Prisen skal tildelast prisvinnaren på det årlege Toratreffet søndag 10. september 2023.

Tora Mostrastongprisen 2022

Tora Mostrastangprisen 2022

Prisutdeling og samtale med prisvinnar Birgit Skarstein, idrettsutøvar og sosial entrepenør. Halvor Folgerø vil leia samtalen.

Her blir musikkinnslag og minglepause med ope kafé der du kjøper det du vil ha.

Arrangementet vil finna stad Amfisalen (Steinsalen) i Moster Amfi.

Bill.: 250,-
https://mosteramfi.no/kva-skjer/ (salet startar i byrjinga av september).

Velkommen til å høyra på og ære Birgit Skarstein!

Tora Mostrastongprisen 2022

Birgit Skarstein – Mottakar av Tora Mostrastongprisen 2022.

Tildeling av Tora Mostrastong-prisen 2022 til Birgit Lovise Røkkum Skarstein.


I vedtektene Til Foreininga Tora Mostrastong står det følgjande om kriterier for tildeling av prisen:

«Tora Mostrastong-prisen skal tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og  evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse.»

Birgit Lovise Røkkum Skarstein vart tidleg ein aktiv og samfunnsengasjert person som bidrog både i inn og utland. Etter ei dramatisk sjukehistorie vart livet og føresetnadene hennar endra. Likevel bevarte ho både styrke, humør og pågangsmot, og heilt sidan ho deltok i Lars Monsen sitt TV-program «Ingen grenser» har ho gjort eit djupt inntrykk med sin ukuelege vilje, sitt strålande humør og smittande engasjement.

Ho har gjennom å setja eigne mål, og hardt arbeid for å nå desse, synt at det er mogeleg å oppnå store draumar i livet. Gjennom suksess på idrettsbanen og aktivt samfunnsengasjement har ho vore eit stort førebilete og rollemodell for både funksjonshemma og andre.

Som såkalla «sosial entreprenør» syner ho omsorg for menneske rundt seg og har engasjert seg i spørsmål om utanforskap og inkludering. Ho sit også som styremedlem i ei rekkje styre og organisasjonar, og har m.a. vore utøvarrepresentant  i den internasjonale paralympiske komite i perioden 2018-2022.

Styret meiner Birgit Lovise Røkkum Skarstein fullt ut fyller foreininga sine kriterie for tildeling av Tora Mostrastong-prisen.

Prisen skal delast ut på det årlege Tora-treffet som i år er 1. oktober.

Me gratulerer!

Styret.

Toratreffet 2020 ein suksess!

Då er Toratreffet 2020 historie. Under dei rådande forholda med pandemi og smittevern kan me konstatera at det vart ein jublande suksess. Dagen vart streama og publisert på Bømlo Nytt sin YouTube-kanal og me kan tilrå alle å sjå og høyre det. Her legg me ut nokre få stemningsbileter frå dagen me fekk saman med prisvinnaren Lindis Hurum. Alle dei flotte bileta og lyssettinga under treffet er teken og utført av Finn Bakke. Lyd og streaming for dagen var utført av flinke Hans Olav Molde.

Prisvinnaren saman med styret: Frå venstre Frode Larsen, Helen Leversund,( Lindis Hurum), Johannes Hjelland, Aase Lilleskare Lund, Hege Sønstabø Alvsvåg, Sissel Jørgensen, Ingrid Leithaug Mjanger, Haldri Karin Engenes. (Bjørn Haaland kunne ikkje stilla denne dagen.)

Frå sjølve prisutdelinga i Amfikafeen:

Musikkinnslag med søstrene Belic introdusert av Haldri Karin Engenes
Hege Sønstabø Alvsvåg fortel om historiske Tora Mostrastong og Haakon den gode
Eit spanande, engasjerande og gripande foredrag av prisvinnaren.
Prisen er ein statuett av Arne Mæland, montert på fot av Johannes Hjelland og ein plakett laga av Johannes Hjelland.
Styret gratulerer prisvinnaren.
Samtale mellom Halvor Folgerø og Lindis Hurum
Vel blåst etter ei interessant og gripande samtale