Alle innlegg av webansvarlig
Tora Mostrastongprisen 2022
Tora Mostrastangprisen 2022
Prisutdeling og samtale med prisvinnar Birgit Skarstein, idrettsutøvar og sosial entrepenør. Halvor Folgerø vil leia samtalen.
Her blir musikkinnslag og minglepause med ope kafé der du kjøper det du vil ha.
Arrangementet vil finna stad Amfisalen (Steinsalen) i Moster Amfi.
Bill.: 250,-
https://mosteramfi.no/kva-skjer/ (salet
startar i byrjinga av september).
Velkommen til å høyra på og ære Birgit Skarstein!
Tora Mostrastongprisen 2022

Tildeling av Tora Mostrastong-prisen 2022 til Birgit Lovise Røkkum Skarstein.
I vedtektene Til Foreininga Tora Mostrastong står det følgjande om kriterier for tildeling av prisen:
«Tora Mostrastong-prisen skal tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse.»
Birgit Lovise Røkkum Skarstein vart tidleg ein aktiv og samfunnsengasjert person som bidrog både i inn og utland. Etter ei dramatisk sjukehistorie vart livet og føresetnadene hennar endra. Likevel bevarte ho både styrke, humør og pågangsmot, og heilt sidan ho deltok i Lars Monsen sitt TV-program «Ingen grenser» har ho gjort eit djupt inntrykk med sin ukuelege vilje, sitt strålande humør og smittande engasjement.
Ho har gjennom å setja eigne mål, og hardt arbeid for å nå desse, synt at det er mogeleg å oppnå store draumar i livet. Gjennom suksess på idrettsbanen og aktivt samfunnsengasjement har ho vore eit stort førebilete og rollemodell for både funksjonshemma og andre.
Som såkalla «sosial entreprenør» syner ho omsorg for menneske rundt seg og har engasjert seg i spørsmål om utanforskap og inkludering. Ho sit også som styremedlem i ei rekkje styre og organisasjonar, og har m.a. vore utøvarrepresentant i den internasjonale paralympiske komite i perioden 2018-2022.
Styret meiner Birgit Lovise Røkkum Skarstein fullt ut fyller foreininga sine kriterie for tildeling av Tora Mostrastong-prisen.
Prisen skal delast ut på det årlege Tora-treffet som i år er 1. oktober.
Me gratulerer!
Styret.
Tora MOSTRASONGPRISEN 2021

Toratreffet 2020 ein suksess!
Då er Toratreffet 2020 historie. Under dei rådande forholda med pandemi og smittevern kan me konstatera at det vart ein jublande suksess. Dagen vart streama og publisert på Bømlo Nytt sin YouTube-kanal og me kan tilrå alle å sjå og høyre det. Her legg me ut nokre få stemningsbileter frå dagen me fekk saman med prisvinnaren Lindis Hurum. Alle dei flotte bileta og lyssettinga under treffet er teken og utført av Finn Bakke. Lyd og streaming for dagen var utført av flinke Hans Olav Molde.


Frå sjølve prisutdelinga i Amfikafeen:







Tora Mostrastongprisen 2020 til Lindis Hurum

Toratreffet 2020

Toratreffet 2019

Tora Mostrastongprisen 2019
TORA MOSTRASTONGPRISEN FOR 2019 GÅR TIL FILMSKAPAREN IRAM HAQ

Styret for Foreininga Tora Mostrastong har på styremøte 7. januar vedteke at Tora Mostrastongprisen i år skal tildelast filmskaparen Iram Haq.
Iram Haq, fødd 1. januar 1976, er ein norsk skodespelar, filmskapar og songar. Ho er utdanna «art director» på Westerdals reklameskole, og har gjort seg særleg kjend gjennom filmane ho har skapt – ikkje minst gjennom filmen «Hva vil folk si?», som hadde premiere i oktober 2017. Denne filmen saman med ei totalvurdering av den kulturelle innsatsen hennar gjennom mange år har lagt grunnlaget for denne pristildelinga.
Iram Haq frå Stovner i Oslo har gjennom arbeidet sitt som filmskapar synleggjort problem som kan oppstå når menneske frå svært ulike kulturar skal leva saman.
I filmen «Hva vil folk si?» ligg det uro i spørsmålet, – like kjent her hos oss som i resten av verda. ”Hva vil folk si” er eit fast uttrykk som ofte vert brukt i familiar og miljø der tradisjon og ære står i fokus.
Filmen handlar om den norsk-pakistanske tenåringsjenta Nisha som lever eit dobbeltliv. Heime med familien er ho ei pakistansk dotter, mens ho ute blant venner lever som ei vanleg norsk ungdomsjente. Ho vert forelska i ein norsk gut, og når faren finn henne saman med kjærasten får det dramatiske konsekvensar.
Iram Haq set søkelys på problema som oppstår når ulike kulturar møtes dersom integrering og kommunikasjon ikkje fungerer. Resultatet vert ofte ein kulturkollisjon der gjensidig menneskefrykt og behovet for kontroll kan utvikla seg til undertrykking, frykt og vold. Dette rammar ikkje minst fleire generasjonar innvandrarar.
Iram Haq brukar sterke verkemiddel i sitt filmarbeid. Dette gjer det lettare å forstå bakgrunnen for denne kulturkollisjonen.
I vedtektene for Foreininga Tora Mostrastong er kriteria for tildelinga av prisen formulerte slik: «Tora Mostrastongprisen skal tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats, – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse».
Prisen skal tildelast prisvinnaren på det årlege «Toratreffet» i Moster Amfi laurdag 8. juni i år.
Styret i Foreininga Tora Mostrastong