Birgit Skarstein – Mottakar av Tora Mostrastongprisen 2022.
Tildeling av Tora Mostrastong-prisen 2022 til Birgit Lovise Røkkum Skarstein.
I vedtektene Til Foreininga
Tora Mostrastong står det følgjande om kriterier for tildeling av prisen:
«Tora Mostrastong-prisen
skal tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv
samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil leggja
vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og
likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til
mellommenneskeleg forståing og toleranse.»
Birgit Lovise Røkkum Skarstein vart tidleg ein aktiv og
samfunnsengasjert person som bidrog både i inn og utland. Etter ei dramatisk
sjukehistorie vart livet og føresetnadene hennar endra. Likevel bevarte ho både
styrke, humør og pågangsmot, og heilt sidan ho deltok i Lars Monsen sitt TV-program
«Ingen grenser» har ho gjort eit djupt inntrykk med sin ukuelege vilje, sitt
strålande humør og smittande engasjement.
Ho har gjennom å setja eigne mål, og hardt arbeid for å nå
desse, synt at det er mogeleg å oppnå store draumar i livet. Gjennom suksess på
idrettsbanen og aktivt samfunnsengasjement har ho vore eit stort førebilete og
rollemodell for både funksjonshemma og andre.
Som såkalla «sosial entreprenør» syner ho omsorg for
menneske rundt seg og har engasjert seg i spørsmål om utanforskap og
inkludering. Ho sit også som styremedlem i ei rekkje styre og organisasjonar, og
har m.a. vore utøvarrepresentant i den
internasjonale paralympiske komite i perioden 2018-2022.
Styret meiner Birgit Lovise Røkkum Skarstein fullt ut
fyller foreininga sine kriterie for tildeling av Tora Mostrastong-prisen.
Prisen skal delast ut på det årlege Tora-treffet som i år
er 1. oktober.
Då er Toratreffet 2020 historie. Under dei rådande forholda med pandemi og smittevern kan me konstatera at det vart ein jublande suksess. Dagen vart streama og publisert på Bømlo Nytt sin YouTube-kanal og me kan tilrå alle å sjå og høyre det. Her legg me ut nokre få stemningsbileter frå dagen me fekk saman med prisvinnaren Lindis Hurum. Alle dei flotte bileta og lyssettinga under treffet er teken og utført av Finn Bakke. Lyd og streaming for dagen var utført av flinke Hans Olav Molde.
Prisvinnaren saman med styret: Frå venstre Frode Larsen, Helen Leversund,( Lindis Hurum), Johannes Hjelland, Aase Lilleskare Lund, Hege Sønstabø Alvsvåg, Sissel Jørgensen, Ingrid Leithaug Mjanger, Haldri Karin Engenes. (Bjørn Haaland kunne ikkje stilla denne dagen.)
Frå sjølve prisutdelinga i Amfikafeen:
Musikkinnslag med søstrene Belic introdusert av Haldri Karin EngenesHege Sønstabø Alvsvåg fortel om historiske Tora Mostrastong og Haakon den godeEit spanande, engasjerande og gripande foredrag av prisvinnaren.Prisen er ein statuett av Arne Mæland, montert på fot av Johannes Hjelland og ein plakett laga av Johannes Hjelland.Styret gratulerer prisvinnaren.Samtale mellom Halvor Folgerø og Lindis HurumVel blåst etter ei interessant og gripande samtale
TORA MOSTRASTONGPRISEN FOR 2019 GÅR
TIL FILMSKAPAREN IRAM HAQ
Prisvinnar Iram Haq
Styret for Foreininga Tora Mostrastong har på
styremøte 7. januar vedteke at Tora Mostrastongprisen i år skal tildelast
filmskaparen Iram Haq.
Iram Haq, fødd 1. januar 1976, er ein norsk
skodespelar, filmskapar og songar. Ho er utdanna «art director» på Westerdals
reklameskole, og har gjort seg særleg kjend gjennom filmane ho har skapt –
ikkje minst gjennom filmen «Hva vil folk si?», som hadde premiere i oktober
2017. Denne filmen saman med ei totalvurdering av den kulturelle innsatsen
hennar gjennom mange år har lagt grunnlaget for denne pristildelinga.
Iram Haq frå Stovner i Oslo har gjennom arbeidet sitt
som filmskapar synleggjort problem som kan oppstå når menneske frå svært ulike
kulturar skal leva saman.
I filmen «Hva vil folk si?» ligg det uro i
spørsmålet, – like kjent her hos oss som i resten av verda. ”Hva vil folk si”
er eit fast uttrykk som ofte vert brukt i familiar og miljø der tradisjon og ære
står i fokus.
Filmen handlar om den norsk-pakistanske
tenåringsjenta Nisha som lever eit dobbeltliv. Heime med familien er ho ei
pakistansk dotter, mens ho ute blant venner lever som ei vanleg norsk
ungdomsjente. Ho vert forelska i ein norsk gut, og når faren finn henne saman
med kjærasten får det dramatiske konsekvensar.
Iram Haq set søkelys på problema som oppstår når
ulike kulturar møtes dersom integrering og kommunikasjon ikkje fungerer.
Resultatet vert ofte ein kulturkollisjon der gjensidig menneskefrykt og behovet
for kontroll kan utvikla seg til undertrykking, frykt og vold. Dette rammar
ikkje minst fleire generasjonar innvandrarar.
Iram Haq brukar sterke verkemiddel i sitt
filmarbeid. Dette gjer det lettare å forstå bakgrunnen for denne kulturkollisjonen.
I vedtektene for Foreininga Tora Mostrastong er
kriteria for tildelinga av prisen formulerte slik: «Tora Mostrastongprisen skal tildelast kvinner som over tid har synt
stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats, – lokalt, nasjonalt eller
internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og
omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og
samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse».
Prisen skal tildelast prisvinnaren på det årlege
«Toratreffet» i Moster Amfi laurdag 8. juni i år.